Velg regionen som passer best for din plassering eller dine preferanser.
Denne innstillingen kontrollerer språket for brukergrensesnittet, inkludert knapper, menyer og all tekst på nettstedet. Velg ditt foretrukne språk for best brukeropplevelse.
Velg språkene for stillingsannonser du vil se. Denne innstillingen bestemmer hvilke stillingsannonser som vises for deg.
HSH er ein regional høgskule med om lag 3000 studentar og 280 tilsette. Me tilbyr grunnutdanningar på bachelor- og masternivå og eit bredt utval av etter- og vidareutdanningar. I tillegg driv me fleire forskings- og utviklingsprosjekt gjennom vårt fagmiljø. Me har studiestader på Stord og i Haugesund.
Våre faglege satsingsområde:
Avdeling for tekniske, økonomiske og maritime fag: Undervising, formidling, forskning og utvikling, og regionalt utviklingsarbeid innan dei tekniske, økonomiske og maritime fagområda skal ha spesiell relevans for den petromaritime næringsklynga i regionen. Vi skal ha særskilt fokus på teknisk sikkerheit, økonomisk og organisatorisk usikkerheitshandtering og komplekse maritime operasjonar.
Nøkkeltal for HSH: Tala kjem frå KDs sin Tilstandsrapport 2011, og har med ei samanlikning frå føregåande år. Nøkkeltala finn du her.
Samarbeid: Sidan 2008 har HSH vore med i samarbeidet UH-nett Vest. Me har og ein samarbeidsavtale med Universitetet i Stavanger.
Aksjeeigar: HSH har i dag aksjar i selskapa: Atheno (2,2%), Fanari (13,8%), Resq AS/(0,3%) og Simsea (10,0%).
Miljøfyrtårn: HSH vart i 2011 sertifisert som Miljøfyrtårn-verksemd.
Historikk: HSH blei etablert 1. august 1994, då Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule vart slått saman. I 2000 vart avdeling for sikkerhetsopplæring (Bleivik) skilt ut som eige aksjeselskap, og me kjenner det i dag som Resq AS.